Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En person i et plagg med en hund

Pust Deg Bedre

Auka meistringskjensle - Større fridom - Betre livskvalitet.

Kva er Pust Deg Bedre?

​Pust Deg Bedre er ein applikasjon til smart-einingar som hjelper lungesjuke med å utføre anerkjende pusteteknikkar for å fjerne slim og lette tungpust. Innhaldet i applikasjonen er visualisert ved hjelp av 3D-animasjonar som både viser korleis øvingane skal utførast, og kva som skjer i luftvegane når ein gjer dei. Det er supplert med skriftleg informasjon for å understøtte animasjonane. Applikasjonen inneheld også lyd.

Ein av dei to avatarane brukt i appen for å syne pusteteknikkar.

Appen inneheld ei side der fysioterapeuten kan velja kva pusteteknikkar som er aktuelle for den enkelte lungesjuke, basert på ei klinisk vurdering. Her kan fysioterapeuten sette opp ein behandlingsplan, der ein selekterer teknikkar og individtilpassar dei etter behov. Dette vert implementert på den lungesjuke sin smarttelefon.

Den lungesjuke har då behandlingsplanen tilgjengeleg på telefonen sin, og kan nytta han ved behov, uavhengig av om fysioterapeuten er til stades eller ikkje. 

Er du fagpersonell? Les meir om korleis du kan nytte appen i ditt arbeid​!

Pust Deg Bedre er ein applikasjon som kan brukast både av den lungesjuke, fagpersonell og pårørande. 

  • For deg som er lungesjuk
    Applikasjonen Pust Deg Bedre lastes ned til din smarttelefon og brukes som et pedagogisk verktøy i din hverdag som lungesyk. Verktøyet inneholder en rekke pusteteknikker som kan hjelpe deg å fjerne slim fra luftveiene og håndtere tung pust. Fysioterapeut kan hjelpe deg å finne de riktige teknikkene for deg. Ved å bruke appen vil du kunne oppleve å ta større ansvar for egen behandling og mestre plagsomme symptom.​
  • For fysioterapeutar og fagpersonar
    Applikasjonen brukes av deg som fagperson for å strukturere behandlingen og styrke din pasient til å kunne hjelpe seg selv. Sammen med pasienten legger du inn anbefalte pusteteknikker i appen som skal hjelpe vedkommende med å håndtere slimplager og tung pust i sin hverdag. Applikasjonen er også en kilde til informasjon og inspirasjon som kan komme til nytte i ditt arbeid med lungefysioterapi.​
  • For pårørande
    ​Applikasjonen skal hjelpe din kjære med å mestre sin hverdag. Du kan også, ved hjelp av verktøyet, lære deg mer om behandlingen, slik at du kan være en støttespiller som pårørende. Ved at du får ta del i egenbehandlingen gjennom appen kan du bidra til motivasjon for selvhjelp, samt dele kunnskap med og øke forståelsen for hva din kjære gjennomgår.​

Dersom du er plaga med tungpust og slim som følgje av din lungesjukdom, kan Pust Deg Bedre vere verktøyet for deg. Pust Deg Bedre er ein app der du kan få skreddarsydd ei behandling med pusteteknikkar som hjelper deg å handtere slimplager og andenaud.

Fysioterapeuten din vil hjelpe deg å individtilpasse behandlinga, og vegleie deg i korleis pusteteknikkane skal utførast for å få best mogleg effekt.

Appen illustrerer pusteteknikkane ved hjelp av ei 3D- dukke som er programmert til å puste akkurat slik du er anbefalt å gjere. Du kan dermed utføre anbefalte pusteøvingar saman med dukka, og på den måten bli meir sjølvstendig i å handtere slimplager og andenaud på ein effektiv og skånsam måte.

Med Pust Deg Bedre handterer du plagene forårsaka av din sjukdom når du treng det, akkurat der du er. Verktøyet kan følje med i lomma og takast fram både på fjelltur, på hytta, i båten eller heime i di eiga stove. Dersom det er lenge sidan du har brukt teknikkane og behovet melder seg att, blir det lettare å ta opp att behandlinga på eiga hand ved hjelp av Pust Deg Bedre.

Ved å få hjelp til å handtere slimplager og andenaud på eiga hand, kan Pust Deg Bedre gi auka meistringsfølelse. Målet er at du skal få ei oppleving av større fridom og auka livskvalitet i din kvardag.

Pust Deg Bedre - Til hjelp for lungesyke, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Pust Deg Bedre er eit digitalt verktøy som skal hjelpe deg som lungesjuk å handtere slimplager og andenaud. Dersom du strevar med slike symptom, kan applikasjonen vere nyttig for deg.

For å kome i gang, følg desse stega:

  1. ​Last ned appen Pust Deg Bedre
    Gå inn i App Store eller Google Play. Søk etter applikasjonen “Pust Deg Bedre”. Trykk “Last ned”. Dersom dette er vanskeleg for deg, kan du få hjelp av nokon du kjenner. Fysioterapeuten din kan også hjelpe deg.​
  2. Kontakt fysioterapeut
    Fortell at du er lungesjuk og treng hjelp med å handtere dine symptom. Du treng ikkje tilvising frå fastlege for dette, og kan difor ta direkte kontakt og melde ditt behov. Gje beskjed til fysioterapeut om at du ynskjer å nytte Pust Deg Bedre-appen i di eigenbehandling. På denne måten kan fysioterapeuten førebu seg før du kjem til behandling.
  3. Kartlegging av behova dine
    Hos fysioterapeut vil du få undersøkt symptoma knytt til din lungesjukdom, for å finne den beste behandlinga for deg. Du får tips og råd med omsyn til fysisk aktivitet, samt vegleiing i eigna pusteteknikkar for å dempe andenaud og for å lausne, flytte og fjerne slim.
  4. Personleg tilpassa eigenbehandling
    Dei pusteteknikkane som er aktuelle for deg vert lagt inn i appen på din telefon av fysioterapeut, og du får grundig opplæring i korleis du skal bruke dei for å få best mogleg behandling. Du kan registrere nytteverdien av eigenbehandlinga under Min Side i applikasjonen. Dette kan vere til hjelp for deg under neste behandling hjå fysioterapeut, då det dannar grunnlaget for samtalen.
  5. Pust Deg Bedre!
    Etter å ha fått opplæring i lungefysioterapi og bruk av appen, skal du vere godt rusta til å handtere symptoma dine. Pust Deg Bedre er no ein trygg og tilgjengeleg støttespelar for deg.

Pust Deg Bedre_ Hvordan komme i gang som lungesyk frå Helseforsking Sogn og Fjordane on Vimeo.

I appen finn du 5 metaforar. En metafor har til hensikt å forenkle forklaringa på kva som skjer i kroppen din når du gjer dei ulike pusteteknikkane, og kva prinsipp som gjeld når du skal få opp slimet. Rettleiing av fysioterapeut vil hjelpe deg å forstå samanhengen mellom metafor og lungefysioterapi.

Her kan du lese litt meir om metaforane du vil bli presentert for i appen:

  • Huset: «Huset» samanliknar prosessen å lausne, flytte og fjerne sekret i luftvegane med at sekretet i metaforen vart transportert gjennom eit treetasjes hus frå kjellar til loft.
  • Vegen: «Vegen» samanliknar det å flytte sekret oppover mot halsen med det å køyre bil på ein veg. Både sekretet og bilen er avhengig av infrastruktur for å komme seg fram.
  • Seglbåten: «Seglbåten» samanliknar hastigheita på luftstraumen i lungene med vind i segla på ein båt. Prinsippet for flytting og framdrift er likt for både båten og sekretet.
  • Fem om dagen: «Fem om dagen» er ein kort videoanimasjon som gjev gode råd for korleis pasienten kan handtere andenaud i kvardagslege situasjonar.

I appen Pust Deg Bedre ligg det fleire ulike pusteteknikkar som skal hjelpe deg å dempe andenaud og kvitte deg med slim. Her kan du lese litt om dei ulike teknikkane. Det er viktig med rettleiing og tilpassing av eit behandlingsopplegg med dei pusteteknikkane som passar for deg.

På den måten kan du sjølv vurdere kva du treng basert på kva du kjenner i luftvegane dine. I Pust Deg Bedre kan du sjå korleis desse teknikkane skal gjerast og kva som skjer i luftvegane når du gjer dei. Mesteparten av teksten under finn du att i applikasjonen.​

  • ​Opne luftvegar
  • Dempe andenaud
  • Løsne slim
  • Flytte slim
  • Fjerne slim
  • Inhalasjonar
  • Samansette drenasjeteknikkar​

Pust Deg Bedre - Til hjelp for lungesyke, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Pust Deg Bedre_ Hvordan komme i gang som lungesyk frå Helseforsking Sogn og Fjordane on Vimeo.

Pust Deg Bedre: Pust med åpne luftveier, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Pust Deg Bedre: Hoste og slimfjerning, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Pust Deg Bedre: Hostekontroll, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Kva seier brukarane?

​Tone fortel om si oppleving med Pust Deg Bedre applikasjonen.​

Pust Deg Bedre: Erfaringar frå ein brukar, frå Helseforsking Sogn og Fjordane på Vimeo.

Last ned applikasjonen til smarteininga di

Du kan laste ned applikasjonen Pust Deg Bedre frå AppStore og Google Play.

Har du spørsmål eller treng meir informasjon, er du velkomen til å kontakte oss på pustdegbedre@helse-forde.no.

Den digitale løysinga er utvikla av spesialfysioterapeut i Helse Førde, Elin Johnsen, i samarbeid med teknologiselskapet Haptiq AS. Pust Deg Bedre ligg i skjeringspunktet mellom fagspesialisering og moderne teknologi, men har eit grensesnitt som sikrar ei god brukaroppleving.

Pust Deg Bedre vert kvalitetssikra og vidareutvikla i nært samarbeid med fleire partar. For å sikre brukarperspektivet, har lungesjuke og kommunale fysioterapeutar i Fjaler, Bremanger og Askvoll kommune bidrege i utviklinga. Det faglege innhaldet er forankra i kunnskapsbasert praksis, og teknikkane i appen er vald ut i samarbeid med spesialfysioterapeut på Sørlandet Sykehus. Landsforeininga for Hjerte og lungesjuke og LHL-klinikken Gardermoen er også viktige bidragsytarar, med deira spesialistkompetanse og nære tilknyting til brukarane.

Økonomiske bidragsytarar for utviklinga av applikasjonen er Helse Vest RHF og Stiftelsen Dam. 

Pust Deg Bedre har vore under utvikling sidan januar 2018, og det vert jamleg jobba med oppdateringar som skal gje deg ei enda betre brukaroppleving. For å få til det, ønsker vi gjerne å høyre frå deg. Du kan gje dine tilbakemeldingar ved å svare på brukarundersøkinga som kjem opp tredje gong du opnar appen, eller via vår e-postadresse: pustdegbedre@helse-forde.no. Dette er heilt frivillig, og vil ikkje påverke ditt tilbod om helsehjelp som pasient.

Denne digitale løysinga er utvikla av spesialfysioterapeut i Helse Førde, Elin Johnsen, i samarbeid med teknologiselskapet Haptiq AS. Pust Deg Bedre er i skjeringspunktet mellom fagspesialisering og moderne teknologi, men har eit grensesnitt som sikrar ei god brukaroppleving.

Pust Deg Bedre kvalitetssikrast og vidareutviklast i nærst samarbeid med fleire partnar. For å sikre brukarperspektivet, har lungesjuke og  kommunale fysioterapeutar i Fjaler, Bremanger og Askvoll kommune bidrege i utviklinga. Det faglege innhaldet er forankra i kunnskapsbasert praksis, og teknikkane i appen er valgt ut isamarbeid med spesialfysioterapeut på Sørlandet sjukehus. Landsforeninga for Hjerte og lungesjuke, og LHL-klinikken Gardermoen er og viktige bidragsytarar, med deira spesialistkompetanse og nære tilknytning til brukarane. 

Økonomiske bidragsytarar for utvikling av applikasjonen er Helse Vest RHF og Stiftelsen Dam. Stiftelsen Dam har også bidrege økonomisk for å utvikle nettsida pustdegbedre.no.

Pust Deg Bedre har vore under utvikling sidan januar 2018, og det blir jamnleg jobba med oppdateringar som skal gje deg endå betre brukaroppleving. For å få det til, ønsker vi gjerne kommentarar frå deg. Du kan sende oss ei tilbakemelding ved å svare på brukarundersøkinga som kjem opp den tredje gongen du opnar appen, eller via e-postadressa pustdegbedre@helse-forde.no. Dette er heilt frivilleg, og vil ikkje påvirke tilbodet ditt om helsehjelp som pasient.

Kontakt

pustdegbedre@helse-forde.no
Helse Førde, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde.

En person med langt hår

Elin Johnsen

Idéskapar og spesialfysioterapeut

Pust Deg Bedre er utvikla og kvalitetssikra i tett samarbeid med fleire dyktige fysioterapeutar som har mange års erfaring med lungefysioterapi. 

Fysioterapeutane har brei kompetanse og deira bidrag til utvikling og kvalitetssikring har vore heilt avgjerande for at Pust Deg Bedre har blitt det fagverktøyet det er i dag. Faglege engasjement og eit felles ønske om å skape ein betre kvardag for lungesjuke har vore til uvurderleg hjelp og støtte. Takk for både kritiske og kunnskapsrike innspel i utviklingsarbeidet, og ikkje minst for inspirasjon og motivasjon undervegs. 

Tusen takk for unike og viktige bidrag!

En kvinne som smiler til kameraet

Anne Kristine Brekka

Fysioterapeut på Sørlandet Sykehus i Arendal.

Anne Kristine har jobbet med lungefysioterapi til ulike pasientgrupper i over 15 år. Hun har også flere års erfaring som kursleder i NFF, hvor hun holder kurs innenfor fagområdet hjerte- og lungefysioterapi.

«Lungefysioterapi er en kunst. Vi lungefysioterapeuter kan lære pasienter hvordan de kan hjelpe seg selv, og Pust Deg Bedre er et godt hjelpemiddel i læringsprosessen.»

En person som har på seg hette

Ulla Pedersen

jobbar på LHL-Sjukehuset Gardermoen. Ho er spesialist i hjerte og lungefysioterapi, og har mastergrad i Helsefagvitenskap fra UiO.

Ulla er kursinstruktør for NFF, har utvikla kurset Fysioterapi for personar med lungesjukdomar (2007), Trening som middel og mål. I tillegg er ho fysioterapirepresentant i komiteen som arrangerar Lungerehabiliteringskonferansen, (sidan 2001) og har delteke på utarbeiding av Aktivitetshandboka, (kapittelet om kols), bidrege på kurs, konferansar og tekstar om fysioterapi for personar med ulike lungesjukdomar.

«Jeg ser at en app om hvordan mestre komplikasjoner med pust og slimproduksjon er svært nyttig. Det vil kunne hjelpe pasienten i både å unngå, men også behandle forverrelser på en skånsom og effektiv måte, og derav også unngå å svekke funksjonsnivå, men heller styrke funksjonsnivået. Vi håper og tror at denne appen vil gjøre det lettere for pasienten å mestre sine lungekomplikasjoner, og få mer overskudd til et sosialt og aktivt liv, og dermed bedre funksjonsnivå og livskvalitet.»

En person som bruker briller

Tiina Andersen

jobbar som postdoktoral forskar og spesialfysioterapeut ved Nasjonalt Kompetansetjeneste for Heimerespiratorbehandling ved Lungeavdelinga og ved Fysioterapiavdelinga, Haukeland Universitetsjukehus, samt som Førsteamanuensis på Institutt for Helse og Funksjon ved Høgskulen i Bergen.

Tiina har 20 års erfaring med lungefysioterapi ved ulike diagnoser, bla.a. kronisk respirasjonssvikt.

«Pust Deg Bedre -appen er et nyttig hjelpemiddel for fysioterapeuter som individualiserer og tilpasser behandling  med tiltak i lungefysioterapi til hjemmebruk.»

En kvinne som smiler til kameraet

Bente Frisk

Førsteamanuensis ved Masterutdanninga i klinisk fysioterapi ved Høgskulen på Vestlandet, Institutt for helse og funksjon.

I tillegg har ho ein bistilling i Helse Bergen, Fysioterapiavdelinga, der ho jobbar med forskning og fagutvikling. Frisk har meir enn 20 års klinisk erfaring i rehabilitering av lungepasientar, og leiar i dag fleire forskningsprosjekt innan rehabilitering for ulike pasientgrupper.

PustDegBedre er kompatibel med einingar produsert frå 2016 og nyare. For IOS inneber det Iphone 7 og oppover, medan det for Android er mange fleire modellar og difor vanskelegare å gje ei oversikt over kva modellar som fungerer. Årstal vil vere ein peikepinn på om eininga støttast eller ikkje.

Dersom du har andre problem med nedlasting/innhald i applikasjonen, prøv følgjande:

  • Slå av applikasjonar som står på i bakgrunnen. Desse syg datakraft
  • Slå telefonen heilt av og på att. Det plar rydde i systemet.
  • Oppdater til nyaste operativsystem tilgjengeleg for modellen.
  • Avinstaller appen og installer på nytt
  • Tillat varslar i telefon-innstillingane
  • Viss du framleis vert plaga, kontakt support på pustdegbedre@helse-forde.no
  • Helse Vest IKT er systemforvaltar for Pust Deg bedre, men alle henvendingar går via kontaktpunktet pustdegbedre@helse-forde.no 
Sist oppdatert 07.02.2024